Leander Djønne

Intervju 27.01.17

Ti spørsmål: Leander Djønne

Leander Djønne, Øyde til øyde, videostill.

Kunstnar Leander Djønne har ein produksjon som omfattar skulptur, film og dikt, og samarbeidsprosjektet Parallelaksjonen. Djønne har óg undervist i ei årrekke, mellom anna ved Prosjektskolen og Kunsthøgskolen i Oslo. Etter mange år i Oslo, har kunstnaren no busett seg i industribygda Odda i Hardanger, der han vaks opp.

Filmen Øyde til øyde som visast på Schloss i Oslo denne helga, er innspelt i Noreg, Sverige, Island og USA, og syner stader kor naturen er endra av menneskeleg aktivitet. Nokre gonger er aktiviteten katastrofal, som i gruvesamfunnet Kiruna i Sverige, der underjordisk drift truer med å dra med seg heile byen i det ekspanderande holrommet under innbyggaranes føter. Andre stader er stemninga fortrøystningsfull og vakker, som i dvelande bilete av sirlige runer i ein nærmast utilgjengeleg stein høgt over Hardangerfjorden. Lydsporet til filmen vert dominert av eit dødsbevisst dikt skriven på idiosynkratisk nynorsk og opplest av ein kvinnerøyst, og eit musikkspor fremført på lire og harpe.

Kunstkritikk fekk anledning til å sjå Øyde til øyde og formulere nokre spørsmål til kunstnaren før Oslopremieren fredag. Intervjuet vart, i tråd med Djønnes målform, gjennomført på nynorsk.

Leander Djønne.

Kunstkritikk: Korleis fortonte arbeidet med filmen seg? Du står som regissør, manusforfattar, kameramann og klippar. Ein får inntrykk av at du har vore ganske åleine på location, men det er kanskje grunna stemninga i filmen?

Leander Djønne: Den er filma over mange år. Andre arbeid eg har holdt på med har gått inn i denne filmen. Mykje av grunnen til at det har tatt tid, er at eg har filma på ulike locations. Eg vert meir og meir interessert i å søke essensen av det som opptek meg i større prosjekt, enn å halde ein høg produksjon. No bruker eg mest tid på å skrive. Å skrive for meg er eit einsamt prosjekt. No prøver eg å sjå kunstnarisk praksis i lys av andre praksisar. Under innspelinga av filmen hadde eg med meg minst muleg folk. Eg brukte lysmann inne i klebesteinsgruva (som fungerer som eit slags crescendo i filmen, journ. anm.), og eg hadde hjelp til å finne den. Den er godt skjult, så eg hadde lokalkjente med meg. På Færøyane hadde eg hjelp til å finne bustadsrestane eg filma, i Kiruna vart eg køyrt ned i gruvane. Med det er jo økonomiske grunnar til å jobbe åleine. Det kostar pengar å hyre folk. Eg ville bruke desse pengane på reiser til locations og til postproduksjon.

I filmane dine bêr kameraføringa preg av eit slags krypande, rørleg nærvær. Har du nokre formuleringar kring dette valget?

Alle filmane mine har noko av det same rørslemønsteret, anten det er filma frå 12 000 fot oppe i lufta eller 70 meter under sjøen. Bevegelsen har ein suggestiv effekt. Øyde til øyde handlar om tid. Tid, i alle fall slik vi måler den, er ganske konstant. Men den er også ufattbar for oss. Eg ønskte at bevegelsen skulle kunne knyttast til mennesket sitt indre landskap, å prøve å sjå på det som oppstår når eit subjekt ser på – og ser seg sjølve i samanheng med naturen. Det er eit aktivt kamera, bevegeleg, men samstundes passivt. Det er berre på besøk. Men det er vanskeleg å svare på, det vert litt som å spørre ein malar kvifor han malar i ein viss stil.

Leander Djønne, Øyde til øyde, videostill.

Vil du fortelle om skrivinga til filmen? Teksten er bêrande for verket, du nemner at du bruker mykje tid på det. Undertekstane er stundom satt som lyriske strofer, med ei linjedeling som er uvanleg for undertekster i film.

Deler av teksten til Øyde til øyde inngår i ei lengre historie eg har jobba med. Eg har jobba med teksten i fleire år, og knytt den opp til idéen eg hadde om korleis filmen skulle bli. Men eg har ikkje skrive teksten og brukt den som eit kart, for så å gå ut i terrenget, for å seie det sånn.

Det er noko høgstemt over språkføringa di. Både i ordval og ordstilling, som ein Kristofer Uppdal eller Olav Nygard. Ein slags kosmisk humor. Morbid, sjølvsagt, men merkeleg upartisk. Vil du seie noko meir om bruken av diktforma?

Kosmisk humor, eg likar det. Sjølv om sikkert ikkje alle tykkjer det er morosamt. Modernistisk lyrikk i Noreg utvikla seg parallelt med, men annleis enn i resten av Europa. Naturen hadde stor plass i desse diktane. Du nemner Uppdal og Nygard. Gunvor Hofmo, Tore Ørjasæter, Aslaug Vaa og Tor Ulven har også vore viktige for meg. Av utanlandske diktarar er Mallarmé og Hölderlin viktige. Diktarar som Uppdal høyrer ein ikkje så mykje om. Kanskje har han vore bedømt som provinsiell eller nasjonalromantisk, og avskriven på grunn av det. Eg tenkjer at det minner meir om ein rasjonalisme, ein objektiv analyse av korleis naturen fungerar.

Det finst forbindingar mellom Øyde til øyde og skulpturelle arbeid du har gjort. Er film ein måte å samle ulike interessefelt under same fane?

Ein må finne ein måte å arbeide på som ein vert inspirert av. Det trur eg på. Filmen handlar som sagt om tid. Eg har gjort mange skulpturar som er laga av arkeologiske funn. Eg køyrer rundt på bygda og får gamle reiskapar som er dukket opp når dei har pløygd jorda, til dømes. Sjølv går eg rundt med metalldetektor. Eg har steinar frå tre av locationene i filmen som eg bruker skulpturelt. Eit brynesteinsemne, ein stein frå bygdeborgen og eit gryteemne frå klebersteinsgruva som ein bekjent av meg fann og gav meg, den er antagelig frå 800-talet. Eg har nytta arkeologiske artefakter i mange skulpturar. Og stein.

Leander Djønne, Øyde til øyde, videostill.

Plassane du har filma syner spor etter menneskeleg inngripen, destruktiv inngripen, slik som i gruvesamfunnet Kiruna, kor heile byen trugast med å falle ned i eit hol, eller vakkert, slik som i helleristningane på flyttsteinen.

Eg er opptatt av tidsperspektivet der. I Klebersteinsgruva fekk eg sterke opplevingar av tid. Gruva går kanskje 200 meter inn i fjellet. Den er menneskelaga, og var i bruk på 700-talet. Men det er også inskripsjonar, initialer og så bortetter frå 1700-talet. Det er berre å gå og sjå, fjellet står der.

Eg lurer på symbolbruken du nytter her og i andre verk, som utbrente skipsskrog, stein, trestokkar og bøker. I filmen Internal displacement er det jamvel eit bokbål. Det er vanskeleg å ikkje forbinde bokbål med rasjonalitetskollaps, verdikollaps. Ein kunne kalle det ein forfallsestetikk?

Det har du sikkert rett i. Alt eg har presentert har handla om kollaps.

Men også på eit anna nivå, det finst ein eskatologisk tone i mykje av verksproduksjonen din?

Eg prøver å styre unna teoretiske overbygninger når eg presenterer verk no. Eg er på ein annan stad enn då eg nettopp var ferdig med mastergraden. Eg er interessert i å lage arbeid som favner stort. Endetidstankar kjem an på korleis ein ser på det. Menneskehistoria er kort. Mennesket si tid er ikkje den same som naturen si tid.

Du har gjort enkelte samarbeid. Parallelaksjonen må nemnast, sjølvsagt, og nyleg samarbeida du med Matias Faldbakken for Skulpturbiennalen i 2015. Då synte de ein skulptur på Youngstorget i Oslo, som har same namn som filmen du lagde som avgangsverk for ti år sidan, void to void. Ein publikasjon du laga saman med Faldbakken heiter også Øyde til øyde. Kvifor nytter du du dei same titlane i samarbeidet som i eigne verk? Sagt på ei anna måte: Kva er greia?

Leander Djønne, Øyde til øyde, videostill.

Kva er greia med å bruke så mange forskjellige titlar når ein jobbar med dei same tematikkane? Er det ikkje litt snobbete å drive å skifte ut titlar når ein behandlar det same materialet og tematikkane? Med skulpturen på Youngstorget handla det kanskje om ein intern kollaps i meiningsproduksjonen. Det var ikkje noko poeng i å dikte opp ein ny tittel for eit verk som handla om det same som eg alt jobba med. Med Matias Faldbakken hadde eg lyst til å bruke forskjellige maskinar som har vore brukt i masseforflytning av stein. I eitt samarbeidsprosjekt lagde me ein offentleg utsmykning i Paris. Då plasserte me grøftekassar som vert brukt til å sikre arbeidarar når dei jobber med flytting av jord og stein. Til konstruksjonen på Youngstorget brukte me store skytemattar, 24 tonn av dei. Det er sånne dei bruker når dei skal sprenge ut tuneller til dømes. Det knytter seg an til ting eg var interessert i frå før. Me jobber ikkje likt, men me deler nokre av dei same tankane, eller anskuelsane. Publikasjonen Øyde til øyde bestod i eit essay av Matias og dikt av meg, og bilete av soldatar i skyttergravar, som gret eller bandasjerte kvarandre. Å skrive saman var på ein måte enkelt, og gøy å gjere. Det er annleis å jobbe saman, men det er ikkje annleis. Me skriv eit par epostar, og møtast eit par gonger, og så kan me gjere eit prosjekt saman. Men det som er mine prosjekt kjem ingen andre inn i. Det gjeld nok for Matias også.

Stein er med i motivkrinsen din, som alt frå underlag for skulpturer i gallerirom til figurar i dikt. Det er mykje stein også i Øyde til øyde. No om dagen er geologi aktuelt i kunst gjennom tesen om antropocen, mellom anna. Men du har handsama omkringliggande spørsmål sidan før begrepet kom inn i daglegtalen. Er det eit resultat av å vekse opp i steintung vestlandsnatur, eller er det kanhende meir abstrakte eller teoretisk motiverte prosesser som ligg bak?

Eg er opptatt av geologi, ja. Eg har eit oppheng i stein, fjell og hular. Særskilt fjell som knusast, vert pulverisert. Her som eg bur no og er oppvokst, lev ein på fjellet sin nåde. Det går ras heile tida. Fjellane trykker på alle kantar. Hardanger er vakkert, men det er farleg om ein ikkje veit korleis ein skal te seg. Hard natur vert ein del av deg, det formar deg. Men det er også noko med tidsaspektet, menneskeleg tid versus geologisk tid. Flyttblokken med helleristningane på som er med i Øyde til øyde har også runar rissa inn i seg. Då runane vart laga, må det ha vore lenger sidan helleristningane kom til, enn det er frå runane vart laga til eg filma dei. Det er merkeleg å innsjå.

Leander Djønne, Øyde til øyde, videostill.

Skriv innlegg
Navn (kun innlegg under fullt navn tillates)*:

E-post (vises ikke)*:

Kommentar*:

Send

Leserinnleggene er en viktig del av Kunstkritikk. Vi er derfor svært glad for at du bidrar til vårt leserforum. Vi ber alle følge vanlige regler for høflighet. Husk at du står ansvarlig for dine egne innlegg. Vi godtar derfor kun innlegg under fullt navn.

Redaksjonen leser ikke innlegg før publisering, men følger debatten fortløpende. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg som er usaklige, inneholder personangrep eller som vi av andre grunner finner upassende. Dette skjer uten forhåndsvarsel, og fullstendig etter skjønnsbaserte vurderinger gjort i redaksjonen. I leserinnlegg godtas kun tekst, ingen bilder, video, html-kode el. Lykke til med debatten!